Kopiera formatering med formatpenselen

Use the Clone Formatting tool to copy formatting from a text selection or from an object and apply the formatting to another text selection or object.

  1. Merk teksten eller objektet som har den formateringa du vil kopiera.

  2. On the Standard Bar, click the Clone Formatting icon. The mouse cursor will change to a paint bucket.

  3. Merk eller trykk på teksten eller objektet du vil bruka formateringa på.

tip

Viss du vil bruka formateringa på meir enn eitt utval, dobbeltklikkar du på ikonet Klon formatering Ikon. Trykk på ikonet igjen når du er ferdig.


Viss du ikkje vil bruka avsnittsformatering, hald nede når du trykkjer. Viss du ikkje vil bruka teiknformatering, hald nede + Shift når du trykkjer.

warning

I Calc kopierer verktøyet «Klon formateringa» berre formatering lagt til frå dialogvindauget Format → Celler eller andre tilsvarande metodar. Difor vert formatering sett inn ved å merkja teikn i ein tekst inne i ei celle og så formatert med Format → Teikn ikkje kopiert med verktøyet «Klon formateringa».


Avsnitts-format er dei formata som vert brukte på heile avsnitt. Teikn-format er dei formata som vert brukte på ein del av eit avsnitt. Viss du for eksempel brukar feit skrift på eit heilt avsnitt, er formatet eit avsnitts-format. Viss du seinare fjernar formatet feit skrift frå delar av avsnittet, vil feit skrift framleis vera eit avsnitts-format, medan den delen som feit skrift er fjerna frå vil vera eit teikn-format.

Tabellen nedanfor viser formateringseigenskapane som formatpenselen kan kopiera:

Utvalstype

Merknad

Ingenting er merkt, men skrivemerket står inne i ein tekst

Kopierer formateringa i det gjeldande avsnittet og teiknformateringa for det neste teiknet i tekstretninga.

Tekst er merkt.

Kopierer formateringa av det siste teiknet i utvalet og avsnittet som inneheld teiknet.

Ei ramme er merkt

Kopierer rammeeigenskapane som er definerte i dialogvindauget Format → Ramme og objekt → Eigenskapar. Innhaldet, storleiken, plasseringa, lenkjer, hyperlenkjer og makroar i ramma vert ikkje kopierte.

Objektet er merkt

Kopierer objektformateringa som er definerte i dialogvindauget Format → Bilete eller Format → Biletobjekt. Innhaldet, storleiken, plasseringa, lenkjer, hyperlenkjer og makroar i objektet vert ikkje kopierte.

Eit skjemakontrollelement er merkt.

Ikkje støtta

Eit teikneobjekt er merkt

Kopierer alle formateringseigenskapane. I Impress og Draw vert også eventuelt tekstinnhald i objektet kopiert.

Tekst inne i celler i Calc er merkt

Ikkje støtta

Ein tabell eller celler i Writer er merkt.

Kopierer formateringa som er sett i fanene «Tabell», «Tekstflyt», «Kantar» og «Bakgrunn» i dialogvindauget Format → Tabell. Også avsnitt- og teiknformatering vert kopiert.

Ein tabell eller celler i Calc er merkt

Kopierer celleformatering spesifisert i dialogvindauget Format → Celler.

Text within Impress table is selected

Copies formatting attributes that apply to all characters in the cell. Formatting can only be copied within the same table.

Impress table or cells are selected

Not supported